Innføring og workshop i Grid 3 (Bergen)

Innføring og workshop om Grid 3 i regi av NAV Hjelpemiddelsentral Vestland

Om kurset

Kurset gjev deg ei innføring i dei ulike moglegheitene i Grid 3, i tillegg til at du får jobba med eige kommunikasjonsoppsett.

Kursinnhald

Kurset er delt i to. Du kan anten delta på heile kurset, eller på berre ein av delane.

Den første delen gjev ei innføring i kva oppsett som finst i Grid 3, og moglegheiter for tilpassing for den enkelte brukaren.

I den andre delen jobbar deltakarane med eige kommunikasjonsoppsett i Grid 3. Med kunnskap og ekspertise i Grid 3 er formålet å gje inspirasjon til å tilpasse maskina til kvar enkelt brukar.

Kurset blir lagt opp slik:

  • 9.30-11.30 Innføringskurs
  • 12.00-12.30 Workshop

Lenkje til opplæringsvideo: Innføring i Grid 3

Målgruppe

Kurset er for fagpersonar og pårørande med direkte opplærings- og oppfølgingsansvar rundt hjelpemiddelet.

Praktisk informasjon

Til workshop må deltakarane ta med eigen PC med oppdatert programvare Grid 3.

Påmelding