Grid redigering

Kurs i redigering i Grid i regi av NAV Hjelpemiddelsentral Vestland

Om kurset

Vi arrangerer kurs i kommunikasjonsprogrammet Grid. Kurset blir halde av Lene Dåsvand Aanning frå Cognita i samarbeid med NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Førde. På denne dagen er det sett av tid til å jobbe med eigen kommunikasjonsløysing.

Tilsett ved hjelpemiddelsentralen og representant frå Cognita vil vere tilgjengeleg for bistand undervegs.

Mål

Målet er å få meir informasjon og kunnskap om symbolkommunikasjon eller tekstkommunikasjon, samt vidareutvikle arbeidet/kommunikasjonsoppsettet ein er i gang med. Med utgangspunkt i deltakarane sine eigne kommunikasjonsoppsett, får ein opplæring i dei ulike funksjonane i programvara.

Målgruppe

Pårørande, fagpersonar eller andre som jobbar med tilpassing av kommunikasjonsløysingar med Grid, eller ønskjer meir informasjon om Grid som kommunikasjonshjelpemiddel.

Ta med

Kommunikasjonshjelpemiddel. Ein bør også ta med eigen PC, slik at ein har moglegheit til å lære seg fjernstyring av hjelpemiddelet. Legger ved en link kor dere kan laste ned Grid 3 programvare på eigen PC. Denne prøvelisensen er aktiv i 60 dager. Det er fint om dere installerer dette ei veke i forkant av kurset. https://cognita.no/grid-3-provelisens/

Praktisk informasjon

Ta med niste. Det blir servert kaffe og te.

Påmelding