Workshop: Grid 3

Kurs for deg som har gjennomført grunnopplæring i Grid 3, og som ynskjer å vidareutvikle kommunikasjonsoppsettet.

Målet er at du skal få vidareutvikle arbeidet/oppsettet du er i gang med i Grid 3. Med utgangspunkt i eigne brukarsaker, får du opplæring i dei ulike funksjonane i programvaren.

Minstekrav for å delta på kurset, er at du har gjennomført og brukt dei grunnleggjande funksjonane i Grid 3.

Her finn du opplæringsvideoen som tar deg gjennom grunnopplæringa.

I videoen kan du lære i eige tempo, og repetera så mange gongar du ynskjer.

Målgruppe

Målgruppe er fagpersonar og pårørande med direkte ansvar for opplæring og oppfølging i hjelpemiddelet.

Praktisk informasjon

Ta med eigen PC med oppdatert programvare.

Hugs matpakke – vi serverer kaffi og te.