Grid 3 og alternativ betjening – workshop

PåmeldingKurs for deg som har gjennomført grunnopplæring i Grid 3, og som vil lære meir om alternativ betening, spesielt augestyring.

Målet er å vidareutvikle arbeidet/kommunikasjonsoppsettet. Med utgangspunkt i eigne brukarsaker får deltakarane opplæring i ulike funksjoner i blant anna programvara Rask Prat.

Kurset gjev ei innføring i korleis gjera innstillingar med kalibrering i blant anna augestyring, med praktiske øvingar.

Krav om forkunnskaper

For å kunne delta på kurset må du ha gjennomført grunnopplæring og brukt dei grunnleggande funksjonane i Grid 3.

Lenkje til opplæringsvideo:  https://www.youtube.com/watch?time_continue=6&v=0kR_Y5tfrZc

Målgruppe

Målgruppe er fagpersonar og pårørande med direkte ansvar for oppfølging og opplæring i hjelpemidlet.

Praktisk informasjon

Ta med eigen PC med oppdatert programvare.

Hugs å ha med mat. Vi serverer kaffi/te.

Transport og parkering

NAV Hjelpemiddelsentral Hordaland har begrensa plass til parkering, og besøkande kan dessverre oppleve at det ikkje er ledige plassar på området. Vi oppfordrar kursdeltakarar til å køyre saman, eller nytte offentleg transport.

Bybanen går til Kokstad. Sjå www.skyss.no for rutetider.

Påmelding